Bjørn Jensen er klar –
med Svein Tore Hindenes, Ausekarane eller Vinskvetten

Bjørn Jensen og Svein Tore Hindenes
Bjørn Jensen og Svein Tore Hindenes

Bjørn Jensen er Vestlandet sin offisielle leverandør av humor, musikk og humormusikk. Innimellom jobbane med Ausekarane og Vinsketten – skal han komme og halde sitt eige elleville show for deg? Då tek har med seg Svein Tore Hindenes, som er orkesterleiar i Ausekarane. Dei er fleksible med lengden på showet, men held gjerne på ein og ein halv time. Med morosame historier, «sjau og spel», og alle dei beste låtane frå Ausekarane og Vinskvetten!

Bjørn Jensen – ein «ekstremvestlending»

Ikkje dårleg, ka? Bjørn Jensen er ein ekstremvestlending, seier juryen som kårar dei 15 mest vestlandske vestlendingane! I ein podcast-serie som Bergens Tidende har gåande,  presenterer dei alle 15, og Bjørn er mest ekstrem. Høyr meir om kva dei seier om Bjørn her.

Bjørn med Vinskvetten

vinskvettentroll-611310For elskarar av dei edlaste dråpar årgangs-Vinskvetten kan vi melda at Vinskvetten fylte 40 år i 2015, men det kan verke som at dei er i betre form enn på lang tid.

Etter at «Me gjer oss aldri»-showet med Vinskvetten gjekk for fulle hus før jul 2015 og fleire ekstraoppsettingar i januar i 2016, har karane roa seg litt ned att, og konsentrerer seg altså om det kreative. Dei kan bestillast frå post@bjornjensen.no

Les om showet i Bergensavisen!

Bjørn med Ausekarane

Bjørn står gjerne fremst blant Ausekarane, i lag med Tor Endresen. Denne gjengen har nådd stjernestatus, og er ein gjengangar på VG-lista på line med folk som Rihanna, Kygo og Odd Børre. Les meir om Ausekarane her.

Bestill ein moromann og ei popstjerne: ta kontakt med Bjørn på post@bjornjensen.no eller via kontaktskjemaet!

Her er eit klipp frå Statfjord B: