Ausekarane

Ferjelaus og steik forbanna – på Ricks fram til 20. oktober 2018

Ausekarane er ferjelause!
No kan du berre booka billettar på det som kanskje blir den artigaste stunda du får i haust: Ausekarane spelar showet Ferjelaus og steik forbanna på Rick’s heilt fram til 20. oktober. Karane er forbanna, men let det ikkje gå ut over humøret!

Årevis med sommarturné

Det er ikkje mange kaier ved fjorden på Vestlandet som ikkje har hatt Ausekarane på besøk dei siste ti åra. Siste turneen så langt var i 2016, men ingen blir overraska om dei neste år kjem siglande på ny til ein kai nær deg, i ei gamal ferje med scene ombord!

Alle medlemmene i Ausekarane er frå Strilelandet, unntatt Tor Endresen som er einaste bergensaren på laget. Men han er så godt inne i strilekulturen at han eigentleg kunne søkja om å bli forfremja til stril.

Eit strilaband og gjengangar på toppen av VG-lista!

Med albumet «Farande Fant» nådde Ausekarane to gonger toppen av VG-lista i 2014! Og  i 2015  låg CDen «Me veit kor du bur» på 3. plass på VG-lista, så Ausekarane høyrer definitivt heime blant dei store popstjernene! Alle platene frå Ausekarane får du tak i hos Platekompaniet, og mange andre stader.

AusekaraneBjørn er saman med Tor Endresen frontfigur blant Ausekarane, så det er langtifrå tilfeldig at Ausekarane har blitt ein gjengangar på VG-lista. I eit videointervju med Bergens Tidende meiner Bjørn at det er tale om ein ny «strilisme«. På Strilelandet blir Ausekarane ofte nemnt i same slengen, når ein snakkar om stjerner som Rihanna og Daft Punk!
Sjå intervjuet med Bjørn her!

OBS! Du kan bestilla Ausekarane direkte gjennom Bjørn.  Bjørn fortel til BT at dei i Rosendal har to merkedagar i året: 17. mai og den dagen Ausekarane legg til kai. Eigentleg er turneen berre ein gutetur, og mest som ein rein ferie, men det snakkar dei ikkje så høgt om. Kan henda fordi han hadde rett, han litt brisne karen som fortalde Bjørn at «det finst to typar kvinnfolk: det er dei som blir sure for alt, og så er det dei som blir sure for ingenting«.

Bestill Ausekarane gjennom Bjørn på post@bjornjensen.no