Rothålå sin store son

Bilde: Wikimedia Commons
Øvingslokalet til Vinskvetten i Salhus i Bergen

Bertel’n, frontfigur i Vinskvetten og blant Rothålå sine fremste menn, lever vidare i einmanns-showet til Bjørn Jensen: On my ovn.

Rothålå er ei verkeleg bygd som ligg ein plass bak fabrikken i Salhus. Dette er staden der Bjørn Jensen trødde sine barnesko. I Rothålå møtte Bjørn alle dei vedunderlege skruane som han fortel so levande om i viser som «Rånny Bruvik«, «Ferjebilletøren«, «I fyr’n» og mange fleire.

Rothålå finst! Det er ein verkeleg stad som ligg rett bakom fabrikken i Salhus. Det ligg nokre gamle, små arbeidarbustader på denne plassen. Vinskvetten har lånt det artige namnet og teke plassen inn i sitt eige univers, fullt av folk og rare skruar. Miladalen, som ligg rett oppfor Rothålå, er også ein verkeleg plass som har fått nytt innhald i Vinskvett-mytologien. Rothålå og Miladalen har ein klassisk norsk bygdekonflikt gåande, og Miladalen er ikkje heilt trygg for folk frå Rothålå. Der bur nemleg Balubastammen. Den eine gongen dei har vist seg for anna folk, var under bygdemeisterskapen i friidrett, då Bertel kasta spydet sitt ut av banen og inn i skogen. Då kom heile Balubastammen fram og kasta spyda sine etter han!

Salhus har vore ei ganske isolert bygd heilt fram til vår tid, der folk ikkje fekk anna underhaldning enn dei fann på sjølve. Derfor er kreativiteten stor og foreiningane mange i bygda. Salhuskvintetten Olkabilamo sto bak nokre landeplager på 60-talet, som «Singel og sand«, «Fiskarlåt» og «Gryta hennar mor«.

Bjørn Jensen er utan tvil ein av dei fremste salhusværingane i vår tid – spesielt innanfor spesialområdet humor, musikk og humormusikk. Fødd i 1952, oppvaksen i Salhus, og med 13 års erfaring frå Salhus Tricotagefabrik som strikkar. Mannen bak fleire strikktease-show på fabrikken. Bjørn spela i bandet Zaro på slutten av 60-talet, eit danseband som spela hardrock. Tidleg på 80-talet dukka han opp i Salhus Mannskor, som seinare fusjonerte med damekoret og vart til Salhuskoret.

Idrettsmannen som var best i dusjen
Bjørn Jensen var ein stødig benkeslitar for fotball-laget til Norna-Salhus, men han la eigentleg grunnlaget for karriera si i dusjen etter kampane, der akustikken fremja songgleda! Ei gruppe frå fotballaget stilte opp på Norna-Salhus-revyen i 1975, og igjen i 1977 under namnet Salhus Vinskvetten Vodka Cinzano – ein vri på Salhuskvintetten Olkabilamo. I starten song dei engelske pop-låtar, etter kvart tok dei til å omsette til norsk, og gradvis begynte dei å lage stadig meir elleville eigne nummer. «I Fyr’n» blei framført første gongen på revy i 1980, den første Vinskvett-låta som fekk eit liv for ettertida. Fyr-rommet på Trikotasjen var ein god plass å stikke seg unna for slitne og/eller late karar på fabrikken – ein plass Bjørn Jensen tydeleg kjende godt. (Youtube)

Motto: Dei so ikkje ler får pengane att!
Bjørn kan verke som ein som berre held leven med alt mellom himmel og jord. Men bakom moroa ligg det faktisk ofte eit snev av alvor. Det er ikkje så lenge sidan folk på Strilelandet levde under hardare kår, som Vinskvetten skildrar i låta «Harde tider» (youtube), fritt etter Bjørn si mor frå Frekhaug: Me var 14 onga; 13 gutar og 24 jenter! For ein skillingsbolle måtte me arbeida i 14 stive daga, men då hadde me mat i ei heil veka! Eg visst ikkje ka kjøt var før eg fekk ei floge i halsen onna krigen!

Vinskvetten og Bjørn Jensen og Ausekarane er stolte representantar for strilekulturen. Det er ikkje alle som skjønar seg på denne, og spesielt kan det sjå ut som strilehumor har vondt for å nå fram hjå hovudstadsfolk. Men her vest er Bjørn Jensen blant sine eigne, og vi har enno ikkje høyrt om at Vinskvetten eller Bjørn har måtta betale pengar attende til nokon som ikkje lo.

Vinskvetten sitt avskjedsshow “No Kjem Dei Tre Siste” var ein stor suksess, men det sette ikkje punktum for Bjørn Jensen sin kreative sjel. Han er aktiv med Ausekarane i lag med Tor Endresen og fleire, og han køyrer sitt eige einmannsshow for både bedrifter, private lag og etablerte scener. Booking kan du gjera her.

Følg med! Bjørn kjem snart til ei scena nær deg! Om du ikkje kan venta, kan du bestilla ved å klikka her eller senda ein epost til post@bjornjensen.no!