Nytt album: Dei Fem UimotSlåelige

Dei Fem UimotSlåeligeSjølvskryt kan du lita på, det kjem frå hjarta.
Her kjem litt fersk sjølvskryt frå Vinskvetten:

Sist gong me i Vinskvetten kom med ny plata var Kjell Magne Bondevik statsminister i landet, Youtube fanns ikkje, røykeloven var ein fjern idé, og Brann hadde ikkje tatt gullet heim sia 1963. Så for oss karane è detta ein stor begivenhet på linja med den dagjen fatter’n vart oppgradert frå strikkar til strikkemaskinreperatør på fabrikkjen hausten 1965, og han fekk blå frakkje med kulepenna på brystlommå.

Gamlemåten

Vi forstår da slik at dei fleste plateartista no før tide laga musikken sin på ein pc på gute- og jenterommet. Sånn è da ikkje med oss karane. Vi ana ikkje korleis vi får musikken inn på ein pc. Reint teknisk gjekk vi ut or tide ein gong på 70- talet. Vi tok i staden songane våre med til Duper studio og spelte dei inn på gamlemåten, og vi er veldig fornøgd med ka den makalause produsenten Yngve Sætre har fått til med songane våre.

Dei Fem UimotSlåelige

Tittelen på platå er henta frå ein song på albumet og er eit forsøk på å driva ap med vår eigen alder og ungdommelighet. Og i følgje den nærmaste familien vår syng og spelar vi framleis godt, så lenge alle i gruppå huska å ta medisinane sine. Da kan for så vidt folk bedømma sjølv. Frå 17. oktober og fram til jul skal vi spela på Ricks teater i Bergen.

Droppa kassett

Da har skjedd ting i musikkindustrien sia sist vi var på banå. Kassetten er ute av markedet. Så detta albumet vert berre gitt ut på LP og CD. I tillegg kan folk streama albumet. I følgje Spåttifai er da øve 40.000 månentlege lyttare på Vinskvetten. Dei har vore utruleg tålmodige og fortena verkeleg ei ny plata.

Ta kontakt med oss! epost post@bjornjensen.no

Helsing karane i Vinskvetten