Vinskvetten er speleklar!

Vinskvetten 2019
Vinskvetten held seg godt

Viktig melding frå Vinskvetten: Etter lang tid med skriving, komponering og innspelingsarbeid er vi karane endeleg klar te å spela for folk igjen, og da gler vi oss te. Vi har rett nok stått på scenen i Eidfjord og på Kystfestivalen i Kalvåg denne sommaren, men no è da alvor. Torsdag 17. oktober er det premiere på den nye framsyninga vår «Mysteriet på Ullaloftet» på Rick’s teater.

Har ikkje endra oss

I august slapp vi platå vår «Dei Fem UimotSlåelige». Tilbakemeldinga frå pressen og folk har vore at vi er «umiskjennelege» – at vi ikkje har endra oss. Vi vel å sjå på da som positivt. I vår alder er ingen endring godt nytt. Forfallet har ikkje tatt heilt knekken på oss.

Tysnesfest 2020

Vanlegvis har vi karane unna oss lange feriar om sommaren. Sånn vert da ikkje i 2020. I desse dagar bookar vi spelejobbar i 2020, og vi har allereie avtale om å spele på Tysnesfest. Da har vi prøvd å få te i mange år, men festen har som regel kollidert med ferien te Belbert’n.