
Vinskvetten på Rick’s i februar!
Mykje moro med showet vårt «Mysteriet på Ullaloftet» på Rick’s teater i fjor!
Men no er vi klår for nye harde tak – vi skal på scena på Ricks 2021! Frå 4. februar til 20. februar skal vi ha show kvar torsdag, fredag og laurdag på Ricks! Og før det, skal vi på Røkeriet på USF Verftet i Bergen, og Oseana i Os. Følg med – Ta turen, vi gler oss!
Kjøp billettar på ticketmaster.no
Bjørn Jensen
Bjørn Jensen er Vestlandet sin offisielle leverandør av humor, musikk og humormusikk. Innimellom jobbane med Ausekarane og Vinsketten – skal han komme og halde sitt eige elleville show for deg? Då tek han med seg Svein Tore Hindenes, som er orkesterleiar i Ausekarane. Dei er fleksible med lengden på showet, men held gjerne på ein og ein halv time. Med morosame historier, “sjau og spel”, og alle dei beste låtane frå Ausekarane og Vinskvetten!
Bjørn Jensen – ein “ekstremvestlending”
Ikkje dårleg, ka? Bjørn Jensen er ein ekstremvestlending, seier juryen som kårar dei 15 mest vestlandske vestlendingane! I ein podcast-serie som Bergens Tidende har gåande, presenterer dei alle 15, og Bjørn er mest ekstrem. Høyr BT-intervju med om ekstremvestlendingen Bjørn Jensen her.
Bjørn med Ausekarane
Bjørn står gjerne fremst blant Ausekarane, i lag med Tor Endresen. Denne gjengen har nådd stjernestatus, og er ein gjengangar på VG-lista på line med folk som Rihanna, Kygo og Odd Børre. Les meir om Ausekarane her.
Bestill ein moromann og ei popstjerne: ta kontakt med Bjørn på eller via kontaktskjemaet!
Her er eit klipp frå Statfjord B: