Bjørn Jensen er klar –
med Svein Tore Hindenes, Ausekarane eller Vinskvetten

Bjørn Jensen. Foto: Jørn AbrahamsenVinskvetten klar for nye sprell!

Vinskvetten har omsider fått ungane ut av huset og pensjonert seg, men endå strekk ikkje tida til for dei travle karane. Men dei nærmar seg 50 års feiring, og då blir det moro og sprell!

Bestill heile Vinskvetten med ein epost til

Meir vinskvettnytt finn du på vinskvettsida.

Bjørn Jensen

Bjørn Jensen er Vestlandet sin offisielle leverandør av humor, musikk og humormusikk. Innimellom jobbane med Ausekarane og Vinsketten – skal han komme og halde sitt eige elleville show for deg? Då tek han med seg Svein Tore Hindenes, som er orkesterleiar i Ausekarane. Dei er fleksible med lengden på showet, men held gjerne på ein og ein halv time. Med morosame historier, «sjau og spel», og alle dei beste låtane frå Ausekarane og Vinskvetten!

Bjørn Jensen – ein «ekstremvestlending»

Ikkje dårleg, ka? Bjørn Jensen er ein ekstremvestlending, seier juryen som kårar dei 15 mest vestlandske vestlendingane! I ein podcast-serie som Bergens Tidende har gåande,  presenterer dei alle 15, og Bjørn er mest ekstrem. Høyr BT-intervju med  om ekstremvestlendingen Bjørn Jensen her.

Bjørn med Ausekarane

Bjørn står gjerne fremst blant Ausekarane, i lag med Tor Endresen. Denne gjengen har nådd stjernestatus, og er ein gjengangar på VG-lista på line med folk som Rihanna, Kygo og Odd Børre. Les meir om Ausekarane her.

Bestill ein moromann og ei popstjerne: ta kontakt med Bjørn på

Her er eit klipp frå Statfjord B: